Vi er i Niemis kjende landskap i Nord-Sverige – ein rå novemberdag i 2017. Ein gravemaskinførar finn restar av eit silketørkle og eit lik i ei myr. Kven det er og kva som har skjedd er det vanskeleg å finne ut av. Handlinga fortset vidare over tre tidsplan; 2017, 1970-90 – talet og 1920-1934. Det

Tittel
Stein i silke

Forfatter
Mikale Niemi

Forlag
Oktober

Utgivelsesår:
2024

Vi er i Niemis kjende landskap i Nord-Sverige – ein rå novemberdag i 2017. Ein gravemaskinførar finn restar av eit silketørkle og eit lik i ei myr. Kven det er og kva som har skjedd er det vanskeleg å finne ut av.

Handlinga fortset vidare over tre tidsplan; 2017, 1970-90 – talet og 1920-1934. Det er Eino, Saara og ungane på eit lite torp i Tornedalen vi blir best kjend med. Utgangspunktet er kjærleik og enkel glede, men armod, klassekamp, arbeidsløyse og undertrykking gjer det umogleg for den vesle familien å klare seg. Det skal byggjast vegar gjennom dei endelause skogane, og oppdrag går til det arbeidslaget som gjev det lågaste anbudet – altså eit umenneskeleg slit og ei løn ein ikkje kan leva av. Storkarane og øvrigheita utnytter arbeidarane på det grøvste og viser ingen nåde. Streik og klassekamp er skildra utfrå historiske kjelder, arbeidsoppdrag som tjærebrenning og stubbebryting med stor nøyaktighet. Det var fortvilande hardt for menneske og dyr, og slibrige predikantar og slu storbønder gjorde det ikkje betre.

Parallelt fylgjer vi Siw og far hennar nærare vår tid. Dei har båe evner til å forutsjå hendingar og Siw kan varsle død. Det er truleg ei arv frå deira nord-svenske og samiske forfedre, og har stor betydning for handlinga og korleis alt heng i hop.

Dei tre tidslinene er meisterleg vove saman. Det er spennande, historisk interessant, gripande og realistisk. Samstundes med preg av det eventyrlege, det mytiske og dei store kreftene i dei uendelege nord-svenske skogane, naturen, menneskesinnet og vår historie.

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post