Fjell-jenta Ragna Svae har fått jobb som kommunkasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho stikk i veg utan å få med seg kjærasten, kjøper eit lite hus og er klar for ei endring i livet. «Ho treng å kjenne årstidene og stridane på kroppen att.» Medan ho framleis er ny i jobben, blir senteret pålagt

Tittel
Høgfjellsmeldinga

Forfatter
Guri Sørumgård Botheim

Forlag
Oktober

Utgivelsesår:
2023

Fjell-jenta Ragna Svae har fått jobb som kommunkasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho stikk i veg utan å få med seg kjærasten, kjøper eit lite hus og er klar for ei endring i livet. «Ho treng å kjenne årstidene og stridane på kroppen att.» Medan ho framleis er ny i jobben, blir senteret pålagt å skrive ein NOU om bevaring av villreinstamma, om ikkje-materielle verdiar i høgfjellet og om fjellet si etiske stemme. Den lite diplomatiske Ragna får oppdraget og leverer eit dokument med politisk sprengkraft og radikale tiltak for verkeleg å redde villreinen og fjellheimen. Dette innebér m.a. å stengje Snøheim og å fjerne vegen, sirkus-turismen og buss-trafikken. Meldinga får namnet «Høgfjellsmeldinga» og i foredraget der ho presenterer arbeidet spør ho «Kven er fjellet sine heltar og skurkar?» Dette blir det bråk, konfliktar, truslar og sabotasje av. Lokal næringsutvikling, DNT og papirflyttarar får gjennomgå. Det er interessante og høgaktuelle problemstillingar og spennande som ein kriminalroman.

Privat har Ragna mykje å bale med – ei stor og fortrengt kjærleikssorg etter den tidlegare kjærasten som døydde nett i fjella kring Hjerkinn. Ho treng samstundes å finne ut av forholdet til Lars – og diverse andre kjensler og tankar. Romanen inneheld fine skildringar av både det vakre og det farlege Dovrefjellet, og lesaren kjenner godt Ragna sin nærleik og store kjærleik til naturen.

Bågåstelle i fangstanlegg i Svånådalen – kanskje 1000 år gamalt

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post