Eg hadde stor glede av å lesa Jørgen Norheim si bok «Adjutanten». No har eg gjeve meg i kast med den nyaste boka hans – «Olga Bjoners plass». Ein skremmande visjon om korleis vi hadde hatt det i Noreg dersom Hitler hadde vunne krigen og NS hadde fått styre landet.
Jørgen Norheim er opprinneleg frå Os, og bur no i Berlin. Han er gjerne innom biblioteket vårt når han er på hytta si på Os. Norheim er historikar og forfattar, debuterte med «Aldri redd for mørkets makt» i 2016, og har gjeve ut sju romanar. Store norske leksikon skriv: «Det skjønnlitterære prosjektet hans er hovudsakleg konsentrert om dei store hendingane og om korleis dei avgjer lagnaden til einskiltmennesket.»
Samlaget framstiller handlinga i «Olga Bjoners plass» slik: «Året er 1967, og Quisling og NS styrer i Noreg. Førarens høgre hand, parti- og statsminister Stein-Ulf Bru, har nok å hengje fingrane i. Den noko demente Vidkun Quisling fyller 80 år, og Tysklands nye førar Albert Speer er ventande til Noreg for å opne Polarbanen Nidaros–Kirkenes, som endeleg er ferdig. Minister Bru får ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av Speers besøk, og tryggleiken står i sentrum. Då passar det dårleg at ei gruppe aksjonistar i ly av nattemørkret skiftar ut gateskilt med namn på fortente NS-folk med namn på motstandsfolk frå krigen.»
Anbefales!
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde
