Kristin Buvik Sivertsen tek utgangspunkt i ei verkeleg hendingar i romanen «Bø!». Nemleg at Bø kommune i Vesterålen i 2019 vedtok landets lågaste formuesskatt. Med dette fekk kommunen mange nye rike «innbyggjarar», sjølv om det vart kortvarig for mange av dei. I romanen vil kommunen ta i bruk fleire verkemiddel for å hindre fråflytting, m.a.

Tittel
Bø!

Forfatter
Kristin Buvik Sivertsen

Forlag
Cappelen Damm

Utgivelsesår:
2025

Kristin Buvik Sivertsen tek utgangspunkt i ei verkeleg hendingar i romanen «Bø!». Nemleg at Bø kommune i Vesterålen i 2019 vedtok landets lågaste formuesskatt. Med dette fekk kommunen mange nye rike «innbyggjarar», sjølv om det vart kortvarig for mange av dei. I romanen vil kommunen ta i bruk fleire verkemiddel for å hindre fråflytting, m.a. kunst og turisme i form av ein kunst-biennale – «Bøennalen». Slik blir boka ei «historie om kva som har skjedd og kva som kunne ha skjedd i Bø», som det står på fyrste side.

Marie er kunstnar, men slit, og da ho får tilbod om ei stilling som kurator for den eksperimentelle og framtidsretta kunstbiennalen i Bø, grip ho sjansen og flytter nordover. Med ymse personlege problem i bagasjen, utydelege retningsliner for jobben, korrupsjon, bygdedyr, myrketid og uvér, blir det eit vanskeleg oppdrag. Korleis ivareta Bø sitt særpreg, utvikle publikum si kunstoppfatning, handtere uberegnelege kunstnarar, og samstundes halde seg inne med administrasjon, politikarar og bygdafolk?

I ei tid der fråflytting og distriktspolitikk er viktig og aktuelt, er det ei morosam og interessant bok. Kanskje ikkje så realistisk, og med noko framande problemstillingar, men absolutt verdt å lesa. Og så den nordnorske naturen, da….

Anbefalt av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post