Eg hadde stor glede av å lesa Jørgen Norheim si bok «Adjutanten». No har eg gjeve meg i kast med den nyaste boka hans – «Olga Bjoners plass». Ein skremmande visjon om korleis vi hadde hatt det i Noreg dersom Hitler hadde vunne krigen og NS hadde fått styre landet. Jørgen Norheim er opprinneleg frå

Tittel
Olga Bjoners plass

Forfatter
Jørgen Norheim

Forlag
Samlaget

Utgivelsesår:
2026

Eg hadde stor glede av å lesa Jørgen Norheim si bok «Adjutanten». No har eg gjeve meg i kast med den nyaste boka hans – «Olga Bjoners plass». Ein skremmande visjon om korleis vi hadde hatt det i Noreg dersom Hitler hadde vunne krigen og NS hadde fått styre landet.

Jørgen Norheim er opprinneleg frå Os, og bur no i Berlin. Han er gjerne innom biblioteket vårt når han er på hytta si på Os. Norheim er historikar og forfattar, debuterte med «Aldri redd for mørkets makt» i 2016, og har gjeve ut sju romanar. Store norske leksikon skriv: «Det skjønnlitterære prosjektet hans er hovudsakleg konsentrert om dei store hendingane og om korleis dei avgjer lagnaden til einskiltmennesket.»

Samlaget framstiller handlinga i «Olga Bjoners plass» slik: «Året er 1967, og Quisling og NS styrer i Noreg. Førarens høgre hand, parti- og statsminister Stein-Ulf Bru, har nok å hengje fingrane i. Den noko demente Vidkun Quisling fyller 80 år, og Tysklands nye førar Albert Speer er ventande til Noreg for å opne Polarbanen Nidaros–Kirkenes, som endeleg er ferdig. Minister Bru får ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av Speers besøk, og tryggleiken står i sentrum. Då passar det dårleg at ei gruppe aksjonistar i ly av nattemørkret skiftar ut gateskilt med namn på fortente NS-folk med namn på motstandsfolk frå krigen.»

Anbefales!
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post