Bli med til et av de mørkeste stedene i samfunnet vårt. En plass der høflig oppførsel og gode manerer blir borte. Der vi blir konfrontert med våre egne glemte minner og andres stinkende søppel: Loppemarkedet. Det er Aschehoug sjølv som brukar denne noko uvanlege definisjonenav loppemarknaden i si omtale av «Pent porselen». Handlinga spinn kring

Tittel
Pent porselen

Forfatter
Randi Fuglehaug

Forlag
Aschehoug

Utgivelsesår:
2025

Bli med til et av de mørkeste stedene i samfunnet vårt. En plass der høflig oppførsel og gode manerer blir borte. Der vi blir konfrontert med våre egne glemte minner og andres stinkende søppel: Loppemarkedet.

Det er Aschehoug sjølv som brukar denne noko uvanlege definisjonenav loppemarknaden i si omtale av «Pent porselen». Handlinga spinn kring nett ein loppis og tre kvinner; Iselin – ei dugnadslei og livstrøytt korpsmamma, Sarah – høggravid ambulansesjåfør med ein mann som oppfører seg særs rart, og Berit – pensjonert lærar med livslang kjærleikssorg.

Er dette noko interessant, da? Ja, etterkvart som ein får presentert livshistoriane deira, kva dei er redde for, kva som skjedde i barndomen, kvifor ektemannen er så rar, kvifor ei eldre dame har husværet stappa fullt av porselens-servise, og kvar fredag sit ved ei grav og drikk termos-kaffe av ein ny porselenskopp.

Romanen har mange fornøyelege episoder og forfattaren skildrar personlegdomar og reaksjonar så ein kjenner seg godt att. Kor UTRULEG irritert ein kan bli når noko i utgangspunktet ganske uskuldig blir sagt i nett DÉT TONEFALLET…. Boka inneheld både humor og sorg – m.a. etterkvart som Berit sitt liv blir rulla op. Det er ei djupt gripande skildring av et halvbra ekteskap, eit nytt, stutt, men lukkelege samliv og ei evig kjærleikssorg. Alle held ting inne og har problemskapande løyndomar for kvarandre. Kanskej ein «berre skulle ha sagt det».

Forfattaren er kjend for sine kriminalromanar frå Voss, og ungdomsbok-serien Halve kongeriket. Anbefales!

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post