Prisbelønt debutromant med gardsdrift som ramme for alvorlege og livsviktige tema

Tittel
Tynne linjer av lys

Forfatter
Anne-Lise Frøland

Forlag
Samlaget

Utgivelsesår:
2025

10. september 2026

Solveig og Vegard tek over garden til foreldra hans etter at faren får slag. Frå utsida ser den vesle garden triveleg og veldreven ut. Vegard er odelsgut, Solveig har ikkje gardserfaring, men er trygg på at dei har gjort det rette. Vegard har tunge psykiske problem, og ho ser at han har det mykje betre når han arbeider på garden. Dei har det fint lengje, men så tårnar problema seg opp – manglande vedlikehald, råte, skakk-køyrt økonomi, og sjukdom på dyra.

Ein nabo er skuld i ei forferdeleg dyretragedie, som ein jo stadig les om skjer i røynda. Kva ligg bak, og korleis kan slikt skje – utan at nokon ser det? Solveig og Vegard får det etterkvart svært vanskeleg, og det blir ei tung atmosfære i boka. Men det er fint å få innblikk i andres liv og lagnad, og kor vanskeleg det i mange situasjonar er å hjelpe. Midt i tragedien finst det óg håp.

Anne-Lise Frøland fekk Tarjei Vesaas debutant-pris 2025 for romanen.

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post