Om gamle løyndomar, knuste draumar og nye sjansar

Tittel
Jul på Himmelfjell hotell

Forfatter
Kjersti Herland Johnsen

Forlag
Cappelen Damm

Utgivelsesår:
2022

Ingrid Berg er ein kjend fjellklatrar og ekspedisjonsleiar med internasjonal erfaring. No vender ho heim for å overta som direktør for det familiedrevne Himmelfjell hotell. Hotellet er fint, tradisjonsrikt, romantisk og har spennande tilbod som fjellklatring og turar. Det viser seg at vedlikehaldet har vore mangelfullt, og det er ikkje alle som ynskjer at Ingrid skal lykkast med drifta av hotellet.

Etter eit dødbringande snøskred har Ingrid lagt klatringa på hylla. Som guide og turleiar har ho óg fått eit problem – høgdeskrekk! Alle har løyndomar i livet, og avgjerande hendingar i fortida til både den ein og den andre, kjem etterkvart fram. Hotelldrift er ikkje noko for pyser – korkje på det praktiske eller det menneskelege plan.

Ei spennande, artig og underhaldande bok med godt språk og levande skildring. Og absolutt førjulsstemning!

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post