Eg klarte ikkje å bestemme meg for kva bok eg skulle velge denne gongen. Valet sto mellom «Eit spor til endes» av Tore Kvæven og «Appelsinparken» av Merete Lien. To gode og spennande bøker av særs forskjellig karakter. Så værsågod – her får du TO gode boktips:
Handlinga i «Eit spor til endes» er lagt til fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet der Torstein fortel om sin oppvekst på garden. Det er hardt arbeid på ein karrig fjellgard, og Torstein og faren sper på føde og inntekt med rypejakt. Det er eit sterkt fellesskap mellom dei to og naturen, men endar med ei katastrofe som endrar alt for familien. Theoline – ungjenta på nabogarden er Torstein sin beste ven, og han drøymer om ei framtid med henne. Ein ny mann kjem inn i mora sitt liv, og ein skjønar så inderleg godt hatet og avskyen Torstein kjenner. Så må Torstein på jakt på eiga hand. Det er berre børsa, skiene og Torstein, og fjellheimen er ugjestmild og farleg. Det blir ei manndomsrøve for guten med uvér, kalde, svarte netter og rovdyr.
Tore Kvæven sine historiske romanar er av mine absolutte favorittar. Språket er uvanleg rikt og skildringane er meisterlege – det kjennes mest som eg opplever alt dette sjølv.

Så bér det til Roma – saman med Agnes som får i oppdrag å finne veninna Alexandra. Det er noko svært urovekkjande og underleg med dette oppdraget og Alexandra si forsvinning. Ektemannen hennar er dødssjuk, sit i rullestol og er djupt fortvila fordi hans store kjærleik har forsvunne. Eller – er han det? Er han heller ein ondskapsfull svikar som er ute etter å øydeleggje Alexandra?
Det er herleg å lesa om Roma, godt å vera med på Agnes si utvikling, og skremande og spennande å vera vitne til alle forviklingar, løgner, falskhet og kven kan ein i røynda stole på her? Eg kjem nok til å lesa heile trilogien – «Følg vinden»!
