Vi er i dei norrøne busetjingane på Grønland i året 1293. Kvalrossen har endeleg kome inn fjordane, og 15-årige Arnar er med på jakt for fyrste gong. Ungguten er sterk og ror jamngodt med dei vaksne karane, men jakta blir dramatisk og farleg. Ikkje berre der og da, men óg som årsak til hemn og

Tittel
Når landet mørknar

Forfatter
Tore Kvæven

Forlag
Samlaget

Utgivelsesår:
2018

Vi er i dei norrøne busetjingane på Grønland i året 1293. Kvalrossen har endeleg kome inn fjordane, og 15-årige Arnar er med på jakt for fyrste gong. Ungguten er sterk og ror jamngodt med dei vaksne karane, men jakta blir dramatisk og farleg. Ikkje berre der og da, men óg som årsak til hemn og feider i åra framover.

Ungjenta Eir lét seg ikkje imponere av den unge jegeren: «Kvifor jaktar du sånne stygge dyr?» ertar ho, ler – og spring så bort. Men Arnar har sett noko meir i jenta enn ertelysta, og gløymer ikkje «det grøne og løyndomsfullt glitrande blikket hennar».

Det er store endringar og harde tider på Grønland. Skipstrafikken frå Europa minkar, det blir mindre tømmer, kvalrossen trekkjer seg bort, båtar og utstyr forfell, og det er harde vintre. Det er óg konfliktar mellom skrælingane (urbefolkninga) og busetjarane, og rivingar mellom trua på den nye Kvite-Krist og dei gamle norrøne gudane.

Eir og Arnar er glade i kvarandre, men det er ein farefylt veg for dei. Slekt, ære og hemn er sterke verdiar i samfunnet på denne tida. Arnar drøymer om sin eigen gard, og seinare vil han byggje seg eit skip og segle til Vinland – der tømmer, jern og trua på framtida finst.

Dette er ein historisk roman med ei dramatisk ytre handling og fine skildringar av natur og dyreliv. Det er óg kjenslevárt og rikt om kjærleik og venskap, om draum, håp og varme. Tore Kvæven seier sjølv at han trur menneska sine kjensler er mykje dei same – uavhengig av kva tid vi lev i.

Når landet mørknar har fått strålande kritikkar og vart tildelt Brage-prisen i 2018.

Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post