«På avstand så det ut som en hvilken som helst strand, men da jeg nærmet meg, åpenbarte det seg steile, spisse, taggete steinlag i rødt, grønt og gult med det svarte havet som kulisse. Den skrå ettermiddagssola forsterket fargene og ga dem et utenomjordisk skjær.» Slik skildrar Reidar Müller sitt møte med Persfjorden i Finnmark. Spektakulært, sjeldant og – iallefall for meg – heilt ukjend. Så kjem den geologiske forklaringa på korleis dette naturfenomenet oppsto. Interessant, levande og absolutt til å forstå.
Boka «Norge – landet vårt gjennom tre milliarder år» tek for seg 60 unike naturfenomen, kulturlandskap, geologisk historie og korleis samfunnsutviklinga er prega av dette. Røros og Kongsberg har fått sine avsnitt, med geologien i botn og fascinerande historiske forteljingar. Vidare får vi høyre om budeia som fann eit mammutbein i Vågå, geologi og dinosaurar på Svalbard, tropiske skogar i Asker, Jutulhogget, Torghatten, Storofsen og andre naturkatastrofar, og mykje meir. Det er personlege historiar, anekdotar knytt til stadane, rikt fotomateriale, og så dei historiske forklaringane på fenomena. Ei reisehandbok, norgeshistorie og tur-tipsbok utanom det vanlege. Veldig interessant og artig!
Reidar Müller presenterte boka på Røros bibliotek for ei tid sidan, og har tidlegare hatt foredrag og bokbad på Tynset om tidlegare utgjevingar.