Det er herleg å oppdage nye forfattarar med gode bøker! Sara Paborn er av dei eg har blitt kjend med i seinare tid, og absolutt vil lese meir av. Sara Paborn er svensk, og debuterte i 2009 med romanen «Släktsfeber» (ikkje omsett til norsk). Gjennombrotet kom med «Blybryllup» i 2018, medan «Tistelhonning» vart nominert til Årets bok i 2020.
I «Blybryllup» møter vi bibliotekaren Irene som er mildt sagt drittlei av den arrogante og spydige ektemannen sin. Noko tilfeldig kjem ho over ei kasse med gammeldagse blylodd, og planlegg på finurleg vis ut korleis ho kan kvitte seg med mannen. Med entusiasme, opplagra hemnlyst og gode anlegg som amatørkjemikar, finn ho vegen ut or det destruktive ekteskapet. Det er spennande og humoristisk, og sjølvsagt ganske så grotesk.
«Tistelhonning» gjorde stort inntrykk på meg. Hovudpersonen Ebba er samlivscoach og suksessrik forfattar. Etter si eiga skilsmisse mister ho klientar, kundar og truverde. I desperajon startar ho eit prosjekt om løyndomen bak langvarige ekteskap, og skal intervjue Veronica Mörk – ei kvinne som har vore lykkeleg gift i over 60 år. Eller? Gjennom møter og samtaler får Ebba kjennskap til Veronica sin verkeleg store kjærleik og korleis den prega livet hennar. Viktig om å fylgje sitt eige hjarte og ikkje blande seg for mykje i andres valg.
No kjem snart ei ny boka av Sara Paborn – «Skjulte tråder». Eg gler meg!