Nicolai Berge sit i rettsal 227, tiltala for å ha skore strupen over på fem menneske – deriblant ei jente på 9 år. Han høyrer vantru på skuldingar, vitnesbyrd og absurde skildringar av hans person, men han seier ingen ting. Trass i innstendig oppmoding frå dommaren forklarar han seg ikkje.
Fem familiemedlemmar brutalt blir slakta ned på ei hytte i Nordmarka. «Det skulle være en forbrytelse hinsides all fatteevne. Flere mennesker lå drept i en hytte langt pokker i vold inne i Nordmarka. Slaktet, sa tipseren. På en bestialsk måte. Blant de døde var det visstnok berømte personer. Svært berømte.» Journalist Ine Wang har nett avslutta biografien om den eine – ein profilert Ap-politikar. For ein tragedie, ein katastrofe! Og – på same tid – eit unikt høve til å få brak-suksess med biografien, nei slik kan ein ikkje tenkje – men – dette er ein verkeleg ein tennplugg av eit samantreff.
Berge er ein svært spennande roman om eit ufatteleg terror-åtak. Vi fylgjer fyrst Ine Wang i hennar arbeid med bok-prosjektet og dekking av saka. Forfattaren går djupt i hennar konflikt mellom tragedien og dette «å setje dagsorden», kjenne rusen av moglegheiter, nyfikna, storyen ikkje lik nokon annan. Forfattaren Nicolai Berge blir skulda for drapa, trass i at det korkje finst bevis eller klare motiv. Dommaren – ein korrekt og anonym eldre herre kjem etterkvart i tvil. Han les novellesamlingane til Berge, går på bar, grublar – det er noko som ikkje stemmer. Kan denne Nicolai Berge verkeleg vera mordaren?
Men Berge seier ingenting i rettssalen.
Tredje del i boka er Nicolai Berge sin historie. Han fortel om kjærleiksforholdet til ein av dei drepne – Gry Storefjell, om livet sitt, og om møtet med journalisten Ine Wang. Og han er på overnattingstur i Nordmarka… Får vi nokon gong løysinga på mysteriet?
Boka har klare parallellar til både 22. juli og Orderud-saka, og forfattaren har sagt at han vil seie noko om dette, «vår beskyttede tilværelse og store naivitet», korleis ein aldri er førebudd og kva som skjer i landet vårt når det utrulege skjer.
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde