«Eleanor Oliphant har det helt fint» fekk strålande omtalar, gjæve prisar, og var bestselgjar i land. Den einaste romanen forfattaren Gail Honeyman har gjeve ut – etter det eg kan finne ut.
Eleanor Oliphant lev eit enkelt liv med faste rutiner. Ho har hatt same jobb i ni år – utan ei einaste eigenmelding. Ho et presis same lunsj kvar dag, saman med kryssordet i Daily Telegraph. Om kveldane er det rolege syslar i eige selskap, og helgene sleper seg av garde polstra med to store flasker kvalitetsvodka. Kvar onsdag har ho nedbrytande telefonsamtaler med mor si. Ho har ingen omgang, pratar ikkje med nokon, er så einsam at det hendar ho held seg sjølv i handa – berre for å kjenne korleis det føles. Eleanor har det altså heilt nitrist fint.
Så skjer det tre ting; Ho blir avstandsforelska, får ein ven, og reddar livet til ein eldre mann. Balansen blir forrykka og det blir svært dramatisk. Omsorgssvikt og alvorlege traumer frå barndomen bryt fram, einsemda og livsstilen blir etterkvart farleg. Her er det djupe lag og viktige tema, – men ein må lesa nokre kapittel for å koma inn i historien. Denne boka anbefaler eg verkeleg!
Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde
