«Der drømmene møtes» spenner over tre generasjonar og ei halv verd – frå England til Tasmania. Vi fylgjer Beattie Blaxland og barnebarnet Emma gjennom to forskjellige tidsepokar. Beattie kjem frå ein fattig familie i Glasgow, forelskar seg, blir gravid og kasta ut heimanfrå. Ho drøymer om å koma seg bort frå livet i fattigdom og blir med kjæresten til Australia. Han viser seg å ha lite å fare med, drikk og sviktar Beattie og barnet, og livet blir langt frå slik Beattie hadde drøymd om. Det var ingen sosial beskyttelse for einslege mødre, og Beattie må gjennom det aller verste. Men – ho er sterkt, klok og dyktig, og finn sin veg vidare.
Barnebarnet Emma er prima ballerina ved London-balletten og gjer stor suksess. Dansen er alt for henne – kanskje så mykje at ho er blind for andre verdiar ved livet. Ei ulukke gjer at ho må slutte å danse. Dette – og ein overraskande arv, fører henne til mormor sin farm i Tasmania – eit annleis og krevjande liv. Men Emma lærer kva som verkeleg betyr noko i livet og finn ut kva ho innerst inne vil.
Ei veldig fin og gripande bok om to kvinner frå kvart sitt århundre, som båe må finne styrke i seg sjølve til å byrje på nytt. Her er interessant historie-forteljing, spenning, krig, storskala sauedrift, ballett, kjærlighet, sorg, rasisme og villmark.
«Der drømmene møtes» spenner over tre generasjonar og ei halv verd – frå England til Tasmania. Vi fylgjer Beattie Blaxland og barnebarnet Emma gjennom to forskjellige tidsepokar. Beattie kjem frå ein fattig familie i Glasgow, forelskar seg, blir gravid og kasta ut heimanfrå. Ho drøymer om å koma seg bort frå livet i fattigdom og
Tittel
Der drømmene møtes
Forfatter
Kimberley Freeman
Forlag
Cappelen Damm
Utgivelsesår:
2011