«Grundet manglende levering av mel selges kun brød i dag» står det på skiltet utanfor bakeriet på Kampen i Oslo. Året er 1916, det er 1. verdskrig, mjølmangel og fattigdom. Thea har fått ein invitasjon frå tantene sine i Amerika, som tilbyr godt betalt arbeid hjå ein rik familie på Long Island. Thea må forlate både familien med så mykje varme og kjærlighet, og kjærasten Hans. Eventyret lokkar, ho kan hjelpe til ved å sende pengar heim, og dessutan treng det ikkje vera for alltid….
Livet i landet som lovar fridom for alle blir annleis enn Thea drøymde om. Staben er inndelt i eit strengt hierarki. Det er store forskjellar, knallhardt arbeid og mykje urett. Men óg venskap og samhold, kjærleik, spenning og fine opplevingar. Thea og veninnene engasjerer seg etterkvart i kampen mot undertrykking og diskriminering, og held fast ved draumane og måla sine.
Familieløyndomar blir avslørt og det er mykje som ikkje er så rett fram som Thea trudde. Ho er fortvilande naiv, og får brutalt lære kva vener som er desperate av fattigdom og naud kan få seg til å gjera.
Det er planlagd ein trilogi om Thea. Bok nr to heiter «Bakeriet i Brooklyn», der Thea og Amanda satsar alt på sitt eige bakeri. Bok nr tre håpar eg kjem snart!
Boka er tidlegare utgjeven med tittelen «Miss Marie».