Det var tittelen og eit delikat omslag som vekte interessa mi. «Punktum midt i en vakker setning» – for ein tittel! Denne måtte eg lesa. Forlaget skriv at «Elin Lind (f. 1972) jobber som informasjonsrådgiver i NAV og bor på et lite sted utenfor Bodø hvor hver fremmed er et mysterium – eller en novelle.»
Det er nett ein framand som ein augustkveld i 2014 går i land på øya Landegode i Vestfjorden. Eg trur ikkje eg har vore der, eller kanskje eg har det – det er iallefall lett å sjå for seg landskapet og leve seg inn i den dramatiske naturen med vér og hav som viktige element i handlinga.
Det er Mattias som går i land. Han skal vitje si gamle tante Maria som han ikkje har sett sidan han var liten gut, og er slik sett ikkje heilt framand. Kjærasten har nett dumpa han, og han er fortvila og rådvill. Maria tek i mot og serverer kaffi og brødskiver med honning. Ho spør lite, og lét Mattias koma til hektene. Etterkvart set Mattias i gang med måling og ymse forefallande arbeid, dei spelar scrabble, kviler middag, og finn ein roleg, god rytme.
Det viser seg at Maria har store løyndomar. Vi får kjennskap til kjærleikshistorien hennar, ekteskapet med Johan, og gamle kjærleiksbrev – som ikkje er frå mannen hennar.
Johan skaut seg inne i huset, og han går att. Hagla står i kjellaren og kleda hans heng enno framme. Mattias er skeptisk, men må medgi at han kjenner sigarlufta og merkar at attgangaren er der. Ingen har forstått kvifor han tok livet sitt; ikkje la han att noko brev og ikkje hende det noko spesielt. Men Mattias finn det ut av mysteriet, og både Mattias og Maria lærer viktige ting om tap, sakn, einsemd og å ta livet sitt attende.
Ei stemningsfull og eineståande bok med dramatikk, kjærleik og undring kringsett av storslått natur.
Anbefalt av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde