«Far forsvant i isen det året jeg fylte ti». Slik opnar romanen om Victor Scott og hans forfedre. Victor sin far var meteorolog og polarforskar, men forliste i Vestisen under dramatiske tilhøve i 1950. Eller – det er iallfall det alle trur. Så flyt det i land ein vassdunk med faren si dagbok og andre småsaker, og ei anna sanning blir etterkvart rulla opp. Slik er det óg med farfaren og oldefaren – i liv med store bragder og eventyrlege opplevingar kjem det fram livsløgner, svik og val som får skjebnesvangre konsekvensar.
Det er svært spennande – sjølv om dette ikkje er krim, som Tom Egeland elles skriv. Lesaren blir gripen av menneska med alle lag i seg, sterke kjensler og store løyndomar. Det er i tillegg – midt i alle eventyr – truverdig og realistisk. Kart, slektstrek, fiktive avisartiklar og plassering i tid gjev boka preg av dokumentar. Eg skal innrømme at eg saumfór polarhistorien og googla namna for å sjekke om dette faktisk hadde skjedd.