«Underskogen» er bok nr to i serien «Tømmerfolk». I bok éin – «Moltemyra» – vart vi kjende med Siv – ungjenta som tek seg arbeid som kokke for tømmerhoggarar i ei lita koie i skogen i Västerbotten i Nord-Sverige. I den fyrste boka vart Siv forelska og fekk ein liten gut, men ingen veit kven

Tittel
Underskogen

Forfatter
Ulrika Lagerlöf

Forlag
Aschehoug

Utgivelsesår:
2026

«Underskogen» er bok nr to i serien «Tømmerfolk». I bok éin – «Moltemyra» – vart vi kjende med Siv – ungjenta som tek seg arbeid som kokke for tømmerhoggarar i ei lita koie i skogen i Västerbotten i Nord-Sverige. I den fyrste boka vart Siv forelska og fekk ein liten gut, men ingen veit kven som er faren. Ho er no gift og lev eit roleg liv som mor og husmor. Så tek ho seg på nytt arbeid i tømmerkoia, ho møter att barnefaren, og hendingar i fortida bryt seg fram.

Samstundes fylgjer vi Eva – óg frå førre bok, som arbeider i eit skogprosjekt som fører med seg store konfliktar innan natur- og skogvern, kulturminner og urbefolknings-problematikk. Sonen hennar er engasjert i motstandsarbeidet, og dei to kjem på alvorleg kollisjonskurs.

Det er naturmystikk, kjærleik og løyndomar, interessant (men trist) historikk kring levekår for samane og deira reindrift, og tilhøva for småkårsfolk i Nord-Sverige i førre århundre. Samstundes held boka fram aktuelle problemstillingar kring dagens forvaltning av natur, skog og urfolks rettar.

Grethe Fætten har tidlegare anbefalt Moltemyra. Likte du Lars Mytting og Trude Teiges historiske romanar, Lars Elling og/eller Laila Brendens bøker om Ane, er dette truleg noko for deg!

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post