Statsministeren blir kidnappa og politikarane må spela eit parti sjakk om livet hans.

Tittel
En nasjon i sjakk

Forfatter
Johan Høst

Forlag
Vigmostad Bjerke

Utgivelsesår:
2022

Statsministeren blir kidnappa på påske-skitur på Hafjell. Han dukkar seinare opp i eit glasbur utanfor Stortinget med ei tidsinnstilt bombe kring halsen.

Terroristen sitt krav er at politikarane spelar eit sjakk-parti der kvar felte brikke fører til at ein samfunnstopp blir drepen – til dels på bestialsk vis. Med sjakk matt blir statsministeren sprengd i lufta.

Regjeringa, stortingspresidenten, PST-sjefen, den sære sjakk-nerden Sven Øen og politiet kjempar mot klokka og ein sjakk-ekspert som via ein Ipad velter bønder, springarar og tårn – og dermed den eine samfunnstoppen etter den andre.

Det er spennande og originalt. Det er fint å kunne litt sjakk for å forstå spelet, men ikkje naudsynt. Den kjende sjakk-meisteren Atle Grønn har sett opp partiet etter Magnus Carlsens sitt berømte spel mot Wang-Yue i 2010. Der tok Carlsen fram kongegambiten og sjokkerte sjakk-verda. Ein kan fylgje spelet trekk for trekk i etterordet.

Romanen har tre delar, og bakgrunnen for terror-angrepet er mykje meir komplisert enn lesaren fyrst trur.

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post