Ei trassig lita bygd på Vestlandet er av dei få som framleis har nynorsk som hovudmål. Bygdafolket kranglar om det meste, og særleg om a-/i-endingar. Skulen har a og i-klasser i staden for a og b, og fotball-laga er ikkje inndelt i divisjonar, men i a- og i-lag. Hovudpersonen Bendik Uføre har fått endra bilen sin frå Toyota til Toyoti, medan a-dama Lena ikkje køyrer Audi, men ….. ja, nettopp….
Bendik og dei andre kjempar for nynorsken på mange vis – protesterer mot all bokmålsreklamen Posten distribuerer, reiser rundt til kommunale servicetorg og forlangar bustønads-skjema på nynorsk, ligg på lur bak butikkhyller og lærer ungane at det dei kjøper heiter Kveitemjøl. Dirigenten i bygdakoret blir utsett for ein av dei meir alvorlege aksjonane, da han får ein fæl omgang fordi berre åtte av songane på ein konsert er på nynorsk. Det toppar seg da ein bjørnunge i dyreparken i Kristiandsand får namnet Ivar. Han kan ta luven or Ivar Aasen og må uskadelegjerast! Tittelen på boka har utspring i denne hendinga. Bendik driv óg»Uføre åleri og tjuvfiskerestaurant» der det einaste kriteriet for kva som står på menyen er at råvarene skal vera tjuvfiska eller tjuvplukka.
Boka er full av fantasifulle påfunn og språklege krumspring, og er rett og slett til å le seg skakk av!
«Når ein fyrst skal skyte nokon» er fyrste bok i ein trilogi, og fortset med «Kom ikkje inn i mitt hus» og «Dei gamle menn i syningom».