Kva skjer i ei lita bygd etter at punktum er sett? Når sorg, fordømming og skuld vinn fram. Og når ein ikkje gjev seg, men kjempar for det ein innst inne vil.

Tittel
Etter punktum

Forfatter
Berit Rødstøl

Forlag
Samlaget

Utgivelsesår:
2020

Vi er i ei lita bygd på Vestlandet (trur eg). Det er fjordar og fjell, gode oppvesktvilkår på eit triveleg småbruk med venskap og artige fritidsaktivitetar for småjenta Stine. Fotball-laget reiser på kampar og turneringar med far til Stine som bussjåfør for laget. Ein dag går det gale og turen endar i ei tragisk ulukke der veninna til Stine døyr. Bygda fordømer far hennar og dei kjem aldri over det. Det er hat, hemn, sorg og skuld, og til slutt forlét Stine bygda. 17 år seinare kjem ho attende for å drive småbruket, og opplever at bygda framleis heng fast i hatet og skuldingane.

Trist og sørgjeleg, men Stine er tøff og gjev seg ikkje. Bokmeldar Jan Askeland skriv: «Med litterært kammerspel og nokre få stillferdige røyster klarer Berit Rødstøl det kunststykket der er å skapa ein vakker roman av alt det fæle og vonde som «Etter punktum» elles er så nådelaust spekka med.»

Ei svært god og fin bok – trass i dystre hendingar.

Finn boka på biblioteket

Lesetipset er skrevet av

Inspirasjon og lesetips

Hold deg oppdatert med vårt ukentlige nyhetsbrev.

Navn
E-post